5000 Bergen Radio, Voss Resort og Framifrå
5000 Bergen Radio, med Petter Lavern og gjengen frå storbyen, inviterer til ei helg med noko for ein kvar smak på Hangurstoppen!
Fredag frå klokka 18:00-23:30 byr me på ein sosial og engasjerande kveld med kunnskapsquiz med Petter Lavern frå 5000 Bergen. Det vert også Framifrå Sider-lounge med det beste frå Framifrå-familien. Hangurstoppen Restaurant serverer rettar frå den nye og spennande menyen.
Laurdag frå klokka 15:30-20:00 løfter me taket med afterski-stemning når DJ Petter Lavern, Framifrå og crewet frå Mediehuset 5000 Bergen gir full pedal! Kle deg gjerne ut; det vert premie til beste kostyme!
Framifrå har verdspremiere på Chili dog (gratis til dei 200 første). Det vert konkurransar og «giveaways», mellom anna trekkes ein premie med hytte for ei helg, inkludert matkasse frå Framifrå.
Gratis inngang
Afterski-gondolbillett kan kjøpast for kr 100 her: https://tinyurl.com/afterskibillett
20 års aldersgrense.
Se mindre